Hva er en notarius publicus?

Norge er notarius publicus en offentlig tjenestemann som utfører notarialforretninger. Utføring av notarialforretninger hører inn under tingretten. Til og med 2017 var borgerlig vigsel en notarialforretning. (wikipedia)

Lov om notarius publicus forklarer notarialforretninger slik:

§ 2. Notarialforretningar

Notarialforretningar er utføring av dei oppgåvene som er lagt til notarius publicus i lov eller forskrift, mellom anna å gje notarialstadfestingar, som stadfesting av underskrift og rett kopi.

Dersom notarius publicus skal ta imot forsikring, kan forsikringa bli teken imot etter reglane i domstollova § 141.

Kongen kan gje forskrift om den praktiske utføringa av notarialforretningar.

Kongen kan i forskrift gi reglar om gebyr for forretningar etter lova her. Gebyret tilkjem staten. Gebyra er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 1. Notarius publicus

Utføringa av notarialforretningar høyrer under tingretten. Har eit domssokn fleire domstolar, fastset Kongen kva domstol notarialoppgåvene skal høyre under. Dommarane ved embetet er notarius publicus.

For Svalbard er Sysselmannen notarius publicus.

I utlandet er norsk utanrikstenestemann eller den han eller ho gjev fullmakt, notarius publicus.

Kongen kan ved forskrift gje andre notarialkompetanse.

Kongen kan gje forskrift om delegasjon av notarialkompetanse.

Ring oss