Lov om bustøtte (bustøttelova)

Lov om bostøtte skal sikre personer med lav inntekt og høye boutgifter et høvelig bosted.

For å få bostøtte må søkeren være over 18 år , ha egne barn boende sammen med seg og det må være et bosted som følger følgende krav:

  1. Bostedet må være godkjent som bosted.
  2. Det må være et selvstendig bosted med egen inngang.
  3. Det må være et eget bad, eget toalett, plass til matlaging og egnet sted for hvile (soverom)

 


Bostøtteloven § 1. Føremål

Føremålet med den statlege bustøtta er å sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad.

Bostøtteloven § 3.Vilkår for rett til bustøtte

Rett til bustøtte har søkjarar som

a) er over 18 år eller har eigne barn som bur i bustaden,
b) svarar for buutgifter i ein bustad som fyller vilkåra i § 5, og
c) sjølve bur i bustaden.

 

Bostøtteloven § 4. Unntak for visse personar

Dei som gjer førstegongsteneste i Forsvaret eller sivilteneste, har ikkje rett til bustøtte.

Studentar som ikkje har barn i husstanden, har ikkje rett til bustøtte. Som studentar blir rekna alle som har rett til ytingar frå Statens lånekasse for utdanning. Dei som studerer innanfor eit offentleg program for arbeidskvalifisering, har likevel rett til bustøtte.

Dei som bur saman med ein person som ikkje har rett til bustøtte etter første og andre ledd, har ikkje rett til bustøtte. Foreldre som bur saman med eigne barn som er studentar, har likevel rett til bustøtte.

Bebuarar i ein institusjon der det kan bli kravd vederlag for opphaldet på grunnlag av inntekt, har ikkje rett til bustøtte.

Bostøtteloven § 5. Krav til bustaden

Vilkår for å få rett til bustøtte er at bustaden

a) er godkjend som bustad
b) er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang
c) har eige bad og toalett og gjev høve til matlaging, og
d) gjev høve til kvile.

Personar som av helse- eller sosialfaglege årsaker bur i eit bufellesskap utan å høyre til same husstand, kan få bustøtte på individuelt grunnlag dersom kommunen godkjenner at bustaden er eigna. Kommunen kan i vurderinga av om bustaden er eigna gjere unntak frå kvalitetskravet i første ledd bokstav b. Kommunen kan også gjere unntak frå krava i bokstav c dersom funksjonane som er nemnde der, er del av bufellesskapet elles.

Bostøtteloven § 6. Utrekning av bustøtte

Den bustøtta som skal betalast ut, blir utrekna som ein fastsett prosent av differansen mellom godkjende buutgifter og ein eigendel. Eigendelen blir fastsett ut frå inntekta og formuen til husstanden.

Departementet kan i forskrift gje reglar om satsar og om utrekning og utbetaling av bustøtte.

Bostøtteloven § 7. Finansiering og organisering

Staten dekkjer utgiftene til bustøtte.

Husbanken og kommunane administrerer bustøtteordninga. Kommunane dekkjer sine eigne utgifter til administrasjon.

Departementet kan i forskrift gje reglar om administrasjon og handsaming av bustøtte.

Bostøtteloven § 8. Innhenting og handsaming av personopplysningar

Husbanken og kommunane kan utan hinder av teieplikt påleggje offentlege styresmakter, långjevarar, utleigarar, burettslag, eigarseksjonssameige og postoperatør å gje opplysningar som er nødvendige for å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er oppfylte eller har vore oppfylte i tilbakelagde periodar. Husbanken og kommunane kan hente inn slike opplysningar direkte frå instansane som er nemnde i første punktum, og nytte dei i sakshandsaminga utan samtykke frå den det gjeld. Den som blir pålagd å gje opplysningar i medhald av paragrafen her, kan ikkje krevje godtgjering. Personopplysningsloven § 20 om informasjonsplikt gjeld. Reglane om bevisfritak i tvisteloven §§ 22-8 og 22-9 gjeld tilsvarande.

Når allmenne interesser tilseier det, kan departementet med forskrift eller i enkelttilfelle samtykkje i at opplysningane i bustøtteregisteret kan bli brukte av andre offentlege styresmakter.