Rett til å sitte i uskifte

28PopO

Retten for ektefeller til å sitte i uskifte følger av arveloven § 9. Dersom avdøde har særkullsbarn må disse samtykke i uskifte med deres arv.

Etter arveloven § 28f kan også samboere sitte i uskifte.

 


Arveloven § 9.
Når den eine ektemaken døyr, har attlevande ektemake rett til å ta over felleseiga uskift med førstavdødes andre arvingar etter loven.
Tilsvarende rett har attlevande ektemake med omsyn til særeige dersom det er fastsett i ektepakt (jfr lov om ekteskap § 43) eller når arvingane gir samtykke. Nyttar ektemaken denne retten, høyrer også hans eiga særeige til uskiftebuet om ikkje anna er fastsett i ektepakt eller i avtale med arvingane, eller særeiga har grunnlag i påbod av givar eller arvelatar. For arving som er mindreårig eller fråteken rettsleg handleevne på det økonomiske området, må vergen og også fylkesmannen samtykkje etter første punktum, og fylkesmannen må i tilfelle også samtykkje i avtale med arvingane som nemnd i andre punktum. Er buet til arvingen under konkurshandsaming, kan samtykke etter første punktum her berre gis med samtykke frå tingretten. Når den eine ektemaken døyr, har attlevande ektemake rett til å ta over felleseiga uskift med førstavdødes andre arvingar etter loven.


 

Arveloven § 10.
I høve til særskilt livsarving (særkullbarn eller livsarving til særkullbarn) etter avdød ektemake har attlevande ektemake berre rett til uskifte når den særskilde livsarvingen samtykkjer. Er den særskilde livsarvingen mindreårig eller fråteken rettsleg handleevne på det økonomiske området, må vergen samtykkje, og det krevst også samtykkje frå fylkesmannen. Fylkesmannen bør som regel berre samtykkje når fylkesmannen meiner det vil være til gagn også for den særskilde livsarvingen at attlevande ektemake får rett til uskifte. Er buet til arvingen under konkurshandsaming, kan samtykke etter første punktum her berre gis med samtykke frå tingretten.

Arveloven § 28f

Reglane i kapittel III gjeld så langt dei høver for uskifte på grunnlag av sambuarskap. Der det er gitt særlege reglar for ektepar med særeige, gjeld reglane for særeige.

Legg igjen en kommentar