Tolkning av testament

testament

Hvis testamentet er uklart så er hovedregelen at man skal søke å tolke testamentet i tråd med testators vilje. Det vil si man skal søke å finne ut hva avdøde sannsynligvis mente. Dette selv om ordlyden peker i en annen retning. Dersom avdøde kalte kjellerrommet sitt med sin klokkesamling for «garasjen» og han i testamentet skrev at nevøen skulle arve alle klokkene i garasjen, så er det nærliggende å legge til grunn at han mente alle klokkene i kjellerrommet og ikke den ene klokken som henger på veggen i garasjen.

Reglene om tolkning av testament finner du i arveloven kapittel 11.


 

Arveloven § 65.
Testament skal tolkast i samsvar med det testator meinte.

Har feilskrift eller anna mistak gjort at eit testament har fått eit anna innhald enn testator meinte, skal testamentet gjelde slik testator meinte, når dette kan bli klårlagt.

Arveloven § 66.
Når det ikkje er grunn til å tru at testator meinte noko anna, skal desse reglane gjelde:

1. Rekk ikkje arven til, skal den som er innsett til arving til ein særskild ting, gå føre den som skal arve ein pengesum.
2. Døyr ein testamentsarving før testator, eller kan arvingen av andre grunnar ikkje ta imot arven, går livsarvingane hans inn i hans stad, dersom dei kan ha rett til arv etter testator etter loven.
3. Har nokon sett inn ektemaken sin til testamentsarving, gjeld reglane i § 8 tilsvarande.
4. Den som er innsett til å arve ein særskild ting, kan ikkje krevje vederlag for hefte som kviler på tingen. Heller ikkje kan han krevje pengar dersom tingen ikkje finst i buet.
5. Er det meir enn eitt testament etter testator, gjeld alle, med mindre eit yngre testament kallar tilbake eller står i strid med noko som er fastsett før. Rekk ikkje buet til, skal nyare disposisjonar gå føre eldre.

Arveloven § 67.
Har lengstlevande ektemake tatt over arven etter eit gjensidig testament, og let ingen av ektemakane etter seg livsarvingar, skal følgjande reglar gjelde når det ikkje er grunn til å tru at ektemakane meinte noko anna då dei gjorde testament:

1. Lengstlevande ektemake rår i levande live som ein eigar over heile formuen, utan hinder av den rett arvingane etter førstavdøde måtte ha. Han kan når som helst gi ein eller fleire av arvingane fullt eller delvis arveoppgjer.
2. Har testamentet klare føresegner om arverett for arvingane etter førstavdøde, skal på skifte etter at lengstlevande er død halvparten av den samla formuen gå til arvingane etter førstavdøde og den andre halvparten til arvingane etter lengstlevande. Dersom lengstlevande gifter seg att, pliktar han å skifte med arvingane etter førstavdøde. Ellers gjeld reglane i §§ 17 andre og tredje ledd, 18 andre ledd og 26 tredje ledd tilsvarande.
3. Så langt testamentet ikkje har klare føresegner om arvefordelinga etter at lengstlevande er død, rår han fritt over heile formuen også ved testament. Ligg det ikkje føre slik disposisjon, har arvingane til førstavdøde etter § 2 krav på halvparten av den samla formuen, dersom lengstlevande døyr utan å ha gift seg på ny.
4. Reglane i §§ 22 og 26 fjerde ledd gjeld tilsvarande for arveretten til arvingane etter førstavdøde.

 

Advokatfirmaet Wulff har lang erfaring med arvesaker og har ført saker for retten etter både arveloven og skifteloven. Har du behov for råd eller annen bistand i saker etter arveloven er første konsultasjon gratis på epost. Du kan da bruke vårt skjema her: GRATIS RÅD

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Ring oss