Trenger du testament? Hva arver samboeren?

Det er bare samboere som har, har hatt eller venter barn sammen som har rett på arv fra den andre. Arven man har krav på er 4 ganger grunnbeløpet. Grunnbeløpet er p.t. 96 883 og arveretten er derfor på kr. 387 532.

Samboere med felles barn kan også har krav på å få sitte i uskifte.

Samboere som ikke fyller kriteriet om felles barn må tilgodese hverandre i testament for å kunne arve hverandre.

Har du spørsmål knyttet til arveoppgjør eller hvordan samboere kan sikre hverandre økonomisk? Kontakt oss for gratis råd på petter@advokatwulff.no eller på vårt kontaktskjema.

Er du gift? Ektefellers arverett er nærmere beskrevet her.

 

Samboeres arverett er regulert i arveloven § 28b:

«Den som var sambuar med den avdøde ved dødsfallet og har, har hatt eller ventar barn med den avdøde, har rett til arv svarande til 4 gonger grunnbeløpet i folketrygda ved dødsfallet, jamvel om det er livsarvingar etter arvelataren. Same retten til arv utan omsyn til livsarvingar har også den som har vore sambuar med den avdøde i minst dei siste fem åra før dødsfallet, dersom den avdøde har fastsett det i testament.

Sambuaren sin rett til arv etter første ledd første punktum kan berre avgrensast ved testament som han eller ho har fått kunnskap om før arvelataren døydde. Vilkåret om at den attlevande sambuaren må ha fått kunnskap om testamentet, gjeld likevel ikkje dersom det var umogeleg eller det etter tilhøva ville vere urimeleg vanskeleg å varsle han eller henne.

Nyttar ein sambuar retten til uskifte etter § 28 c, skal det berre reknast med arv frå den førstavdøde til den lengstlevande sambuaren etter første ledd dersom uskiftebuet blir skift med dei andre arvingane til den førstavdøde medan den lengstlevande sambuaren lever.​»

Samboeres rett til å sitte i uskifte er regulert i arveloven § 28c:

«Den som var sambuar med den avdøde ved dødsfallet, og som har, har hatt eller ventar barn med den avdøde, har rett til å ta over følgjande eigedelar som den avdøde åtte, uskift med den avdøde sine andre arvingar etter lova

a) felles bustad og innbu,
b) bil og fritidseigedom med innbu som tente til felles bruk for sambuarane.

Den attlevande kan på same vis ta over også andre eigedelar uskift enn dei som er nemnde i første punktum, dersom det er fastsett i testament eller arvingane samtykkjer.

Har den avdøde særskilt livsarving, gjeld § 10 tilsvarande for uskifterett etter første ledd. Den attlevande kan ikkje ta over eigedelar uskift etter første ledd dersom han eller ho allereie sit i uskift bu etter ein tidlegare sambuar eller ektemake. Dersom den avdøde sat i uskift bu etter ein tidlegare sambuar eller ektemake, kan den attlevande heller ikkje ta over eigedelar frå det første uskiftebuet før dette buet er skift.

Sambuaren sin rett til å sitte i uskifte kan berre avgrensast ved testament som han eller ho har fått kunnskap om før arvelataren døydde. Vilkåret om at den attlevande sambuaren må ha fått kunnskap om testamentet, gjeld likevel ikkje dersom det var umogeleg eller det etter tilhøva ville vere urimeleg vanskeleg å varsle han eller henne.

Alt den attlevande sambuaren er eller blir eigar av som høyrer naturleg saman med dei eigedelane han eller ho har tatt over uskift, går inn i uskiftebuet.​»